Ma | Ti | On | To | Fr | |||
---|---|---|---|---|---|---|---|
27 | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 |
28 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 | 13 | 14 |
29 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 | 20 | 21 |
30 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 | 27 | 28 |
31 | 29 | 30 | 31 |
Fine dagar på Gol under landskappleiken 26-30. juni 2024. Laget var representert i pardans, lagspel, lagdans og hardingfele klasse A.
Eit kjekt oppdrag i Fjordamattunet i Støfringsdalen med speling og danseoppvising på ei tilstelning for involverte i nyopninga av Astruptunet.
Her er ei oversikt over eit utval arrangement som kan vere aktuelle for spelemannslaget og folkemusikk- og danseinteresserte i 2024.
Sjå også den landsdekkande arrangementskalenderen
Folkarr.no
Ein vellukka kappleik vart arrangert i Operabygget på Nordfjordeid, og Indre Sunnfjord Spelemannslag var representert i fleire disiplinar.
Rikken kom med i spelemannslaget tidleg på 1980-talet, og i 2002 vart han utnemnd til æresmedlem. Framleis stiller han på øving kvar onsdag, og deltek på speleoppdrag og kappleikar saman med laget. På den siste øvinga før gebursdagsfesten gjorde han eit unntak og heldt seg heime fordi han tenkte vi kanskje hadde ein slått vi trengde å øve på. Og det hadde han jo heilt rett i. Til 80-års dagen hans hadde Sigmund laga ein vals med namn Rikken som vart urframført for 10 år sidan. Den skulle vi spele når han feira 90 også, men sidan den ikkje har vore så mykje brukt trengde vi å øve. Så Rikken er like omsynsfull som alltid.
Sjå bilete og oppsummering frå møtet.
Terje Rune og Knut starta møtet med å spele Gå-låt av Anders Viken. Første gong dei framførte slåtten var på NRK Fjernsyn i programmet Tonevev frå Jølster i 1987. Eit gjensyn med dette finn ein her: Tonevev frå Jølster. Opptaket med Gå-låt startar etter 17 min. og 45 sek.
Denne må kunnast på rams av alle spelemenn i laget!
Melodi: Ola Tveiten.